Klart for ein trygg skulestart

Ulsteinvik barneskule - Klikk for stort bileteUlsteinvik barneskule Ulstein kommune 17. august tek det nye skuleåret til, og skulane førebur no ein trygg start for alle elevane våre.

 
Vi er opptekne av det skal vere trygt å kome tilbake til skulen for både elevar og tilsette. Med auka smitte i samfunnet er det viktig at vi tek godt vare på kvarande og har gode rutiner for å unngå auka smitte også i Ulstein kommune.

Sjå kva tid skuledagen byrjar på dei ulike skulane 17. august

 

Råd om smittevern

Framleis gjeld dei generelle smittevernråda:

  • Elevar og tilsette som er sjuke, skal ikkje kome til skulen/SFO. 

  • God handhygiene og ekstra reinhald vil framleis vere viktig på skulen. 

  • Det er redusert kontakt mellom personar. 

 

Heile klasser kan vere samla

For tida er situasjonen på såkalla gult farenivå. Det betyr: 

  • Heile skuleklasser kan vere samla i undervisning, i ein kohort.

  • Alle elevar skal ha eit fulltidstilbod på skulen, med tilnærma vanlege skuledagar.

  • Handhygiene og smittvern er tidkrevjande, noko som gjer at sjølv om skuledagane har vanleg lengde, vil ein del tid gå med til ekstra reinhald og handvask.

  • Uteområda på skulane vert framleis delte i soner eller pauser organisert på ulikt tidspunkt for å sikre avstand mellom klassene. 

  • Elevar og tilsette må unngå handhelsing, klemmar og store samlingar. 

  • Elevar kan fylgje vanleg skuleskyss. Dei treng ikkje halde ein meters avstand på skulebussen, sjølv om dette er eit krav for andre reisande. 

  • Elevar med luftvegssymptom som ikkje er vanlege for barnet, skal halde seg heime til ein dag etter at dei er frie for symptom. 

 

Du kan lese meir om smittevern i skulen i rettleiarane frå Utdanningsdirektoratet