Klarer du deg om vatnet og straumen vert vekke?

Klikk for stort bilete Gaute Gjøl Dahle, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap Styresmaktene tilrår at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. 

Eigenberedskapsveka 2019 går no føre seg over heile landet. Målet er å gi folk meir kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. 

Sjekk forslaget til beredskapslager i heimen 

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatnet og straumen plutseleg vert vekke? 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn.

Kvifor kjem det råd om eigenberedskap no? 

Det er fleire grunnar til at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til at kritisk infrastruktur fell bort, som til dømes straum, vatn og mobilnett. 

I tillegg er vi som bur i Noreg vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det gjer oss sårbare. 

Du er ein del av beredskapen i Noreg 

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi vert råka av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa settast inn der behovet er størst. Slik er du ein del av beredskapen i Noreg.