Kjendisbesøk til Ulstein og Hareid

Kjendisbesøk til Ulstein og Hareid

Brannbamsen Bjørnis vil gjerne helse på små og store i Hareid og Ulstein, laurdag 23. september.

  • Ulstein brannstasjon er open frå 10.00–13.00
  • Hareid brannstasjon er open frå 11.00–14.00
  • Etter planen skal Bjørnis besøke Ulstein mellom 10.30–11.30, og Hareid mellom 12.30–13.30

NB! Det er fint om dei som kan, parkerer eit stykke frå stasjonen. Vi har dårleg med parkeringsplassar.

Brannbamsen Bjørnis gler seg til å helse på små og store i Ulstein og Hareid. Janne-Marit Myklebust

I veke 38 er den nasjonale brannvernveka. Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til open brannstasjon. Dette har vorte ein fin tradisjon og ein viktig arena for å gi nyttig informasjon om brannførebygging.

Samling av premiar til open brannstasjon. - Klikk for stort biletePremiar til open brannstasjon.

Det vert kunnskapsløype med premiar, du kan få spyle med slange og ta ein nærare kik på brannbilane våre.

 

 

 

 

Fokus i år er ladevett og generell brannsikkerheit i heimen. Dessutan kan dei som vil få seg ein god klem med Bjørnis!

Open brannstasjon er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og forsikringsselskapet If.

Kontakt

Live Gandborg
branningeniør Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 20 34 94