Kjære sambygdingar: Gratulerer med dagen!

Kjære sambygdingar: Gratulerer med dagen!

Ordførar Knut Erik Engh. Janne-Marit Myklebust Ordførar Knut Erik Engh si 17.mai-helsing til innbyggjarane i Ulstein kan du sjå og lese her. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Ordføraren sin tale:

Då eg spelte inn fjorårets 17-mai tale, tenkte eg at dette var veldig spesielt, og heilt sikkert noko som eg aldri ville få oppleve igjen. Eg og mange med meg var overbevist at pandemien ville vere over før nyttårsrakettane vart sendt i veret. Fjorårets 17. mai vart ingen fest, heller ikkje når det kom til veret. Ein kald og trasig nasjonaldag med forsvinnande lite folk å sjå. Men det var likevel ein del lyspunkt.

Korpsa stilte velvillig opp og spelte kjende og kjære marsjar som vi alle er så glade i. Etter tradisjonen tru vart det pynta med flagg og bjørkekvistar i rundt om i heile kommunen. Det blei lagt ned kransar ved minnesteinane og halde gudsteneste som vart streama. Folk stilte opp både i bil og båtkonvoi. Eg sjølv køyrde i tog bak Hasund og Dimnøy skulekorps og vifta med flagget ut gjennom vindauget og ropte hipp-hipp hurra så best eg kunne. Nokre av dei mest ihuga stilte seg opp langs ruta i sin finaste 17-mai stas og gjorde det same. Så litt feiring vart det likevel.

Så viser det seg altså at årets 17-mai-feiring vert av same slaget som fjorårets, men denne gongen har vi grunn til å tru at neste års feiring vert av det gode gamle slaget. Eg trur mange ser fram til det. Ikkje berre til å feire nasjonaldagen på tradisjonelt vis, men også å få tilbake ein kvardag som gir oss litt meir fridom og eit meir sosialt liv.

Det er ingen som helst tvil om at det siste året har vore krevjande for oss alle, men trass alt har vi klart oss godt gjennom pandemien så langt. Det er all grunn til å sende ei stor takk til dokke alle saman for den innsatsen som vi i fellesskap har lagt ned for å hindre at denne skremmande sjukdommen skal spreie seg i lokalmiljøet vårt. For nettopp dette fellesskapet og ansvarskjensla for våre ovanfor kvarandre har vore avgjerande for å lukkast.

Verfta våre har sørga for at alle gjestearbeidarane med importsmitte har vorte sett i effektiv karantene og isolert ved behov. Vi må hugse at dei aller fleste smittetilfella vi har hatt i Ulstein har vore importert frå utlandet. Likevel har ingen i lokalmiljøet vorte smitta av desse.

Ungdommen vår har i ein kort og viktig periode i livet sitt måtta ofra fridomen sin og gått glipp av viktige opplevingar og tradisjonar som høyrer ungdomslivet til. Det vil dei aldri få att. Våre eldre og sjuke har i lange periodar vorte isolerte i frykt for at viruset skal ta liv. Dette har vore tungt også for dei pårørande.

Vi har alle unngått å reise, avstått frå sosiale samankomstar, lagt om rutinane våre og gjort det vi kan for å bidra. Folk har stilt velvillig opp for å hjelpe andre. Og vi har handla lokalt for å sikre at arbeidsplassar ikkje går tapt.

Det er dette fellesskapet som gjer oss til EIN nasjon, og som i si tid gjorde at vi fekk fridomen vår. Den flotte nasjonalsongen vår handlar nettopp om den felles innsatsen, dei personlege offera og kampviljen som til slutt vart krona med siger.

Pandemien går no etter alle solemerke mot slutten, og når alle restriksjonane vert varig oppheva, kan vi nok ein gong feire ein stor siger som vi alle på kvar vår måte har bidrege til, og som vil stå att i historiebøkene som ei av dei mest krevjande periodane i nasjonen si historie.

Så nok ein gong: Tusen takk for innsatsen alle saman og lykke til med feiringa.