Kinosommaren er godt i gang på Sjøborg kino

Kinosommaren er godt i gang på Sjøborg kino

Etter to år med restriksjonar og utsette premierer, er også kinoane endeleg tilbake til normalen!

Tom Cruise som jagarpiloten Pete "Maverick" Mitchell. 

«Top Gun Maverick» fyller no kinosalane over heile verda, også i Ulsteinvik! Dette er filmen "alle" snakkar om, og hittil har nesten 1 000 sett Tom Cruise & co  på Sjøborg kino i den etterlengta etterfølgaren til Top Gun som kom på kino for 36 (!) år sidan!

- Filmen vert vist så lenge folk vil sjå han, og det ser ut til å verte ei god stund til, seier kinosjef Kristine Brungot.

Denne helga er vi klar for ein ny storfilm, nemleg Jurassic World Dominion. Trilogien vert avslutta i eit siste kapittel der universet vert smelta saman med Jurassic Park serien som har fenga generasjonar. I denne siste filmen vil fansen få eit gjensyn med ikoniske karakterar som Alan Grant (Sam Neill), Ellie Sattler (Laura Dern) og Ian Malcolm (Jeff Goldblum).

Frå filmen Jurassic World Dominion. 

Det kjem mykje gøy på kino også vidare utover sommaren. Frå skaparane av Toy Story kjem Disneys «Lightyear», Minions er endeleg tilbake i «Minions Historien om Gru» og seinare i juli kjem animasjonsfilmen «Ildsjel» som er ein skikkeleg girl-power film for heile familien.

24. juni kjem «Elvis», ei episk historie for det store lerretet om Elvis sin musikk og liv, av Warner Bros, og den Oscarnominerte filmskaparen Buz Lurhmann.  Andre filmar som vi har store forventningar til på kinoprogrammet for sommaren er The Black Phone, Thor Love and Thunder, Jeg er Zlatan  og Bullet Train.

Litt for både små og store her med andre ord!

Kontakt

Kristine Brungot
kinosjef/kulturkonsulent
E-post
Mobil 48 25 90 87