Kan vi freiste med kurs i akrylmåling?

Klikk for stort bilete Ulstein kommune

Vil du leike med fargar, utfordre deg sjølv, eller prøve noko nytt? Kanskje kople av? Då er dette målarkurset som Ulstein kulturskule arrangerer noko for deg!

Målgruppe

Akrylmålingskurset er for vaksne og det er Monica Vermeer, lærar på kulturskulen, som skal halde kurset.

 

Kva går kurset ut på? 

Korleis velje kva du vil male? Skal det vere figurativt eller abstrakt, eller midt i mellom? Korleis få det til på forskjellige måtar, med dei moglegheiter akrylmåling gir oss? Korleis kan vi bruke forskjellige reiskap til å skaffe forskjellige uttrykk? Korleis påverkar fargar uttrykket mitt? Dette er noko av det vi skal lære.

 

Kva tid og kvar hen?

Kurset er fordelt på åtte kursdagar og blir halde på Ulstein kulturskule, Reiten 20.

Kveldskurs:  8 torsdagar, kl. 18-20:30

Dagskurs:    8 fredagar, kl. 11-13:30
 

Datoar for kveldskurs, kl. 18-20:30:

  • 14. februar og 21. februar
  • 7. mars, 14. mars, 21. mars og 28. mars
  • 4. april og 11. april


Datoar for dagskurs, kl. 11-13:30:

  • 15. februar og 22. februar
  • 8. mars, 15. mars, 22. mars og 29. mars
  • 5. april og 12. april

 

Kursa må ha minst 6 påmelde for å kunne starte opp.

 

Kva kostar det?

Prisen er kr. 2500,- inkludert materialbruk.

 

Korleis melde meg på?

Her er lenke for påmelding.

 

Kontakt

For informasjon om kursa, ta kontakt med Monica Vermeer på tlf. 984 45 154, eller Ulstein kulturskule på tlf. 70 01 77 70.

Sjekk også Ulstein kulturskule si nettside.