Jonsokfeiring 2021 - Hugs å melde inn jonsokbål

sankthans, løyve til å brenne bål - Klikk for stort bilete Pixabay Har du bålplanar til jonsok? 20. juni er fristen for å melde inn jonsokbål som skal brenne 23. juni.

 

Hareid og Ulstein brannvesen treng å få beskjed frå deg på førehand dersom du skal brenne jonsokbål. 

Jonsokaftan, etter klokka 12, kan du tenne bål på stadar med liten fare for brannspreiing dersom det ikkje plagar eller uroar naboane. Du må ha løyve frå grunneigaren, og jonsokbål skal meldast inn til Hareid og Ulstein brannvesen. Her finn du skjemaet du skal bruke.

Fristen for innmelding av jonsokbål er 20. juni.

 

Eit lite unntak 

Alle større bål skal meldast inn. Det er ikkje nødvendig å melde inn open brenning på grillinnretningar, utepeisar eller dersom du skal brenne små kaffibål i til dømes fjøra der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann.

 

Følg med om det blir endringar

Dersom skogbrannfaren er høg, kan det bli totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Skulle det skje innan jonsok, vil vi melde ifrå om det her på nettstaden. 

 

Tips til trygg bålbrenning

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold. Hugs at lokal brannfare kan variere. 

  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken. 

  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet. 

  • Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon. 

  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke det ved behov. 

  • Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengeleg. 

  • Det er forbode å brenne plast, møblar, materiale som er limt, malt og/eller impregnert, og anna søppel. 

  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt. 

  • Alle bål skal sløkkast før det vert mørkt, slik at det ikkje vert oppfatta som brann av dei som ser bålet på avstand. 

  • Hareid og Ulstein brannvesen ønsker å få beskjed frå deg før du tenner større bål og/eller brenn bråte. Det er for å unngå eventuelle unødvendige utrykkingar. Meld i frå til brannvakta på tlf. 911 14 242. 

 

Lokal forskrift

UIstein kommune har lokal forskrift som definerer kva ein kan brenne, og kvar det ikkje er lov å brenne bål. Føremålet med forskrifta er å hindre forureining og helseproblem, samt redusere brannfaren i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.
Her kan du lese Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Ulstein.

Kontakt

Olav Helt Brubakk
brannsjef
E-post
Mobil 990 17 068
Live Gandborg
branningeniør
E-post
Mobil 482 03 494