Inviterer til UKM-workshopar

Klikk for stort bileteKlare for UKM-workshopar: Kulturskulerektor Julianne Hauge ved Ulstein kulturskule saman med Susann Worren Hauge, Jette Holstad og Monica Veermer, som er tre av instruktørane som vil hjelpe barn og unge med sitt UKM-innslag. Marie Flatin Har du lyst til å vere med på UKM og treng hjelp? UKM Hareid og Ulstein i samarbeid med kulturskulane på øya inviterer til fleire workshopar. 

UKM Hareid og Ulstein har dei siste åra gått motsett veg av mange andre lokale UKM (Ung Kultur Møtes). Medan fleire har opplevd nedgang i talet på deltakarar, har UKM på Hareidlandet fått med fleire barn og unge. Fjoråret vart det ny rekord og målet til arrangørane er at minst like mange i alderen 10–20 år vil vere med på årets UKM, som er 29. februar i Sjøborg kulturhus. 

– Mykje av årsaka til at vi har fått med fleire er vår satsing på workshopar dei siste åra. Vi har eit godt samarbeid mellom kommunane, og i år er vi ekstra glade for å kunne tilby workshopar i samarbeid med kulturskulane, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein. 

Fleire workshopar

Kunst, song, dans, gitar og blåseinstrument – alt dette kan du få hjelp med gjennom workshopar som UKM Hareid og Ulstein arrangerer i samarbeid med Ulstein kulturskule og Hareid musikk og kulturskule.

– Dei unge er heldige som har høve til å få profesjonell rettleiing som bidreg til å bli trygge på seg sjølve, og det ein vil framføre. Vi er glade for dette samarbeidet både på tvers av kommunane og etatar, seier kulturkonsulent Christine Riise Øvrelid i Hareid kommune.

Saman med Flatin kontakta ho kulturskulane der begge rektorane, Torgeir Hauge (Hareid musikk og kulturskule) og Julianne Hauge (Ulstein kulturskule) var svært positive. Dei er gjerne med for å skape ein UKM-dag der det kulturelle mangfaldet mellom barn og ungdom i kommunane er i fokus.

– Nettopp det kulturelle mangfaldet er viktig i UKM. Med workshopane er målet vårt å få fram dette. Her kan barn og unge velje å vere med aleine eller finne nokon andre å opptre med på UKM, seier Julianne Hauge. 

Kunst og blåseinstrument

Er du busett i Hareid eller Ulstein og i alderen 10–20 år kan du melde deg på ein eller fleire av workshopane framover. 

Første workshop blir kunst og skjer på Ulstein kulturskule laurdag 8. februar. Det kostar 100 kroner å vere med på denne tre timar lange workshopen som kulturskulelærar Monica Veermer har ansvar for. Elevane kan ta med prosjekt ein jobbar med heime, eller starte å lage eit produkt under workshopen.

Den andre workshopen ved Ulstein kulturskule er blåseinstrument. Denne er todelt og kostar 200 kroner for å ta del. Datoane er 12. og 26. februar. Kulturskulelærarane Jette Holstad og Susann Worren Hauge er instruktørar og kan hjelpe både dei som er aleine eller i gruppe.

Dans, gitar og song

Ved Hareid musikk og kulturskule blir det tre workshopar med same mal og pris som workshop for blåseinstrument. Kulturskulelærar Nadhira De Saram Vonstad er instruktør for workshop i dans, som blir 10. og 24. februar.

Workshop i gitar har kulturskulelærar Jan Ramstad ansvar for. Denne blir 12. og 26. februar. Dei som har lyst å få hjelp med song kan melde seg på workshop med kulturskulelærar Brigitta Hauge, 14. og 28. februar.

– Det er viktig å understreke at alle workshopane er opne for påmelding for barn og unge både i Ulstein og Hareid, held Hauge fram.

Påmelding

Fristen for å melde seg på workshopane er onsdag 5. februar.

Påmelding til workshopar i Ulstein skal sendast til kulturskulen@ulstein.kommune.no.

Påmelding til workshopar i Hareid skal sendast til kulturskulen@hareid.kommune.no

Sjekk elles UKM Hareid og Ulstein si Facebook-side der alle workshopane ligg ute som arrangement.

– Vi ønsker å takke UKM for stimuleringsmidlar som gjer at vi kan gjennomføre desse workshopane. Vi håpar det vil både inspirere og motivere barn og unge til å melde seg på. Vi gler oss og håpar mange vil vere med og nå målet vårt om verdas beste UKM for Hareid og Ulstein, avsluttar UKM-arrangørane.