Inviterer til UKM-kveld 21. januar

Klikk for stort bilete– Møt opp på Bell Ungdomsklubb tysdag 21. januar kl. 19 for å vere med å bestemme og lage verdens beste UKM, samstemmer Silje Marie Myhre Eltvik og Rebecca Hareide Vartdal, som er påmelde som unge arrangørar i årets UKM for Hareid og Ulstein 29. februar. Marie Flatin – Vi inviterer ungdom til idéverkstad på Bell Ungdomsklubb. Bli med på å lage verdens beste UKM, seier dei unge arrangørane Rebecca og Silje. 

Rebecca Hareide Vartdal (20) er lærling i Ulstein kommune og har, saman med ungdomsarbeidar Marie Flatin og kulturkonsulentane Annika Brandal (Ulstein) og Christine Riise Øvrelid (Hareid), hovudansvaret for å arrangere årets UKM (Ung Kultur Møtes) for Hareid og Ulstein.

– Årets UKM blir på Sjøborg kulturhus laurdag 29. februar og vi vil lage verdas beste UKM, seier Silje Marie Myhre Eltvik. 

Ho har arbeidspraksis hos ungdomsarbeidaren, og er også påmeldt som ung arrangør saman med Rebecca.

Tysdag 21. januar

– Denne kvelden er det ope på Bell frå klokka 18–22, med møte kl. 19. Vi inviterer spesielt dei som er nysgjerrige på å vere med som ung arrangør, som programleiar/konferansier eller media, som er fotografering og å skrive saker om UKM. Denne kvelden er for ungdom frå 8.klasse til 18 år, seier Rebecca og Silje. 

– Tysdag 28. januar vil vi ha UKM-kveld for 6.- og 7. klasse på MOT-klubb ved Bell Ungdomsklubb og MOT i Ulstein, fortel ungdomsarbeidar Marie. 

– Kom også innom om du har spørsmål om å vere deltakar på scene eller med utstilling. Vi svarar på spørsmål og kan hjelpe til med påmelding, legg ho til. 

Det vil også vere UKM-arrangement ved ungdomsklubben på Hareid. Følg ungdomsklubbane og UKM Hareid & Ulstein på Facebook der informasjon om UKM blir lagt ut framover.

Workshopar og minikurs

I samarbeid med kulturskulane og med stimuleringsmidlar frå UKM Norge, jobbar UKM-arrangør med å få på plass fleire workshopar/minikurs. Tilbodet vil berre ha ein mindre sum i eigendel. 

– Merk av datoen 8. februar for kunst og veke 7 og 9 for hjelp med song, dans og ulike instrument, seier arrangørane, som håpar på mange deltakarar, eit stort mangfald og eit kulturhus fullsett med publikum. 

UKM har som hovudfokus å gi barn og ungdom mulegheita til å vise seg fram. UKM er både for dei som går på kulturskulen, og dei som er sjølvlærte. Gjennom UKM kan ein stille med alt frå song, instrument og dans til balltriksing, drama og kunst. Og ikkje minst viktige roller som konferansier, ung arrangør og media. Mulegheitene er mange!

UKM Hareid og Ulstein er for barn og ungdom i alderen 10-20 år.

Ny fylkesfestival

I år er det ein ny modell for fylkesfestival der ein kan nominere deltakarar, så er det fylket som avgjer kven som får delta på ein festival som blir annleis enn tidlegare. Arrangørane frå Hareid og Ulstein skal på møte der ein får vite meir om dette. 

– Vårt fokus er at den lokale festivalen skal vere hovudgrunnen til å bli med. Vi vil følgje godt opp alle deltakarar og vi er glade for at vi igjen har med oss Herøy LAN på laget med fleirkameraproduksjon og «greenroom» for deltakarane med stream frå scena. 

Fristen for påmelding til UKM Hareid og Ulstein er 14. februar, siste skuledag før vinterferien. Finn din kommune via UKM si nettside for informasjon og påmelding. 

– Vi gler oss, og håpar mange blir med på UKM-festen 29.februar, avsluttar UKM-arrangørane.