Innsparingsplan i Ulstein kommune

Innsparingsplan i Ulstein kommune

Ulstein kommune må spare fleire millionar kroner i åra framover for å få balanse i drifta. Her finn du saksutgreiinga, og kan lese om arbeidet som er lagt ned dei siste månadene.
Kommunedirektør Verner Larsen og ordførar Knut Erik Engh. Janne-Marit Myklebust   

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

I økonomiplanen til Ulstein kommune ligg det inne ei innsparingsramme på 8 mill. kr. i 2022 og 10 mill. kr. i 2023 og 2024. Alle avdelingar i kommunen har vore involvert i ein kartleggingsprosess siste månadene, i tillegg til tillitsvalde og hovudverneombod. Administrasjonen har på bakgrunn av dette laga ei oversikt over moglege innsparingstiltak.

Saka var oppe i kommunestyret 17. juni. Sendinga kan du sjå HER.

I årsrapporten for Ulstein kommune 2020 får du eit overblikk over alle avdelingar i kommunen. Du finn rapporten HER.

1. juni hadde formannskapet møte og gav si tilråding til kommunestyret.

Vedtaket dei gjorde var: Ulstein kommunestyre vedtek at det vert arbeidd vidare med slike innsparingstiltak og auke i inntekt for økonomiplanperioden 2022-2025: 

 

19. mai vart det halde folkemøte på Sjøborg om saka. Du finn opptak frå møtet nedst i denne artikkelen.

Presentasjonen til kommunedirektøren finn du HER (PDF, 2 MB)

Det kom inn nokre spørsmål i kommentarfeltet på Facebook under sendinga av folkemøtet. Her har kommunedirektøren svart på desse. (DOCX, 21 kB)

Kommunedirektøren si tilråding og andre dokument i saka der moglege innsparingar vert synleggjort:

Saksframlegg  (DOCX, 61 kB) 
(Avgjerd om vegen vidare skjer i kommunestyremøtet 17. juni)

Kommunedirektøren sitt notat om innsparingane - bakgrunn/samandrag/konklusjon (DOCX, 953 kB)

Oversikt over moglege tiltak (XLSX, 59 kB)

Moglege innsparingstiltak per sektor (PDF, 5 MB)

Desse innsparingane er allereie vedteke og i gang for 2021 (PPTX, 583 kB)

Brev frå hovudtillitsvalde og hovudverneombod i Ulstein kommune (PDF, 601 kB)

Sei kva du meiner

Har du innspel og/eller kommentarar er du velkommen til å sende desse til postmottak@ulstein.kommune.no.
Merk e-posten med "Innspel til innsparingsplan".

Her er oversikt over alle folkevalde og andre måtar du kan vere med og påverke.

Video frå folkemøtet 19. mai

 

 

Video frå formannskapet 1. juni

(Økonomisaka startar om lag på 1:31:30)