Innskriving av elevar i første klasse i grunnskulen

Innskriving av elevar i første klasse i grunnskulen

Det nærmar seg tid for innskriving av elevar som er fødde i 2017 og som skal byrje i 1. klasse i august 2023. pixabay.com

   

 

Det er tid for innskriving av nye førsteklassingar! Føresette må fylle ut eit skjema for innskriving av elevar snarast råd, og innan 1. mars 2023.

Skuleåret 2023/2024

Det nærmar seg tid for innskriving av elevar som er fødde i 2017 og som skal starte i 1.klasse i august 2023. Kommunen har henta inn skulestartarane frå folkeregisteret, slik at vi har namn og kontaktpersonar/føresette på alle som bur i Ulstein. Det er likevel ønskeleg med litt fleire data inn, i tillegg til at vi ønsker å kome med litt informasjon ut til heimane før skulestart.

Om det skulle vere nokon som har planar om å flytte til Ulstein kommune i 2023 og har barn som skal starte i 1.klasse, vil vi be om at førsette kontaktar skulen om dette.


Innskriving – skjema

På kommunen si heimeside ligg skjema for innskriving av elev i grunnskulen. Vi bed føresette fylle ut og sende inn dette snarast råd og innan 1. mars 2023.


Skulekrinsar

I Ulstein kommune gjeld forskrift om nærskule. Dette inneber at eit barn har rett til å gå ved den skulen som ligg nærast heimen.

 

Skulekrinsar. kommunekart.com

kommunekart.com – Ulstein kommune – Alle kartlag - Oppvekst temakart - finn du oversikt over skulekrinsar. Her kan de finne ut kva skulekrins eleven høyrer til. På same kartlaget kan de også sjå om eleven har rett på skuleskyss.

 

Skuleskyss

Barn som bur lenger enn 2 kilometer frå skulen, har rett på fri skyss i 1.klasse. For barn i 2.–10. klasse gjeld avstand på 4 kilometer. Føresette til barn som har rett på skuleskyss må søke om dette på fylkeskommunen sitt fastsette skjema ("Skoleskyss - søknadsskjema") og sende dette til skulen innan 1. mai 2023. 
 

 

 

 

 

Klassedeling

Elevar ved skular der det er fleire førsteklasser/-grupper, vert desse delte i klasser/grupper etter ei samla vurdering der det vert teke omsyn til kjønnsbalanse, særskilte behov, relasjonar til andre barn i førskulealder og geografiske omsyn.
 

Førskuledag

Det bruker å vere ein førskuledag i juni, der skulestartarane møter på skulen og får møte medelevar, kontaktlærar, osb. Vi vonar at dette også kan gjennomførast i 2023. Då kan det også verte høve til eit informasjonsmøte for føresette same dag. Informasjon om dag og tid vil kome frå den einskilde skule.


Første skuledag

Skuleåret 2023/2024 er første skuledag måndag 21.08.2023. Då bruker førsteklassingane med føresette møte til første time med skulesekk og det som høyrer til – med store forventningar!


Påmelding SFO

I Ulstein kommune er det tilbod om SFO ved alle barneskulane for barn i 1.- 4. klasse, og i 1.-7. klasse for barn med særskilde behov. Påmelding til SFO gjeld for eitt skuleår om gongen. Her finn du meir info om SFO (søknadsskjema, vedtekter, betalingssatsar m.m.) Frist for påmelding til SFO er 15. april.

 

Bruk av Ipad/digitale verktøy

Dei minste barna i grunnskulen nyttar ulike digitale verktøy i opplæringa. Frå 1.klasse–4.klasse er det mest bruk av Ipad. Elevane får kvar sin Ipad, som skal nyttast både på skulen og heime etter fastsette bruksreglar.

 

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11
Marianne Ulstein Johnston
rådgjevar oppvekst
E-post
Telefon 70 01 77 03
Mobil 95 41 31 07
Hasund skule