Informasjon om avvik i BrukerPlan

Informasjon om avvik i BrukerPlan

BrukerPlan er eit kartleggingsverkty til kommunar om personar med rus og/eller psykiske helseproblem, og Helse Stavanger står som ansvarleg. Tidlegare i haust vart det gjort kjend for kommunane at Helse Stavanger har hatt fleire avvik kring bruken av dette.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Alle kommunar fekk instruks om å avdekke og slette alle kartleggingsfiler dei hadde arkivert frå BrukerPlan.

Ulstein kommune gjorde straks ei undersøking på dette og gjorde følgande avklaring:

  • Vi hadde ingen kartleggingsfiler om våre brukarar arkivert
  • Vi har arkivert årlege rapportar frå 2014 – 2018 og i 2021 med tal og grafar utan personopplysningar

Informasjon frå Helse Stavanger til dei registrerte:

https://helse-stavanger.no/fag-og-forskning/kompetansetjenester/regionalt-kompetansesenter-for-rusmiddelforskning-i-helse-vest-korfor/brukerplan-informasjon-til-registrerte-brukere

Ved spørsmål - kontakt Helse Stavanger ved personverombudet@sus.no