Influensavaksinering 2021

Ein sjuk person med skjerf - Klikk for stort bilete Pexels Det nærmar seg tid for influensavaksinering. Ulstein får tilsendt sine vaksiner i veke 43, og vi har bestilt rikeleg med vaksiner i år.

 

Kva kostar det å ta vaksine? 

Regjeringa har avgjort at vaksinen skal vere gratis for alle i risikogruppene med unntak av dei som vert vaksinert hos fastlegen/Ulstein legesenter.  Ved legesenteret må du betale ein eigenandel på 50 kroner dersom du ikkje frikort. Personar yngre enn 65 år, og som ikkje er definert som risikopersonar, må betale vaksinen sjølve. 


Vaksinasjon av personar over 65 år

I Ulstein har vi bestemt at alle over 65 år får tilbod om å bli vaksinert i regi av kommunen.
Omsorgstenesten vaksinerer dei som bur i institusjonane og andre dei yter teneste til.  Alle andre over 65 år får tilbod om vaksinering ved helsestasjonen på Reiten etter liknande opplegg som vaksinasjonen mot covid 19.


Tidspunkt

Tidspunkt for vaksinering av personar over 65 år blir onsdag 27.10, torsdag 28.10 og fredag 29.10 på Reitensalen ved helsestasjonen.  Det blir timebestilling gjennom eit program som heiter C19. Vi kjem tilbake til nøyaktig prosedyre for dette seinare. Det vil også bli mogleg å bestille per telefon. 

 

Vaksinasjon av personar under 65 år

Risikopersonar under 65 år får tilbod om vaksinasjon ved Ulstein legesenter i starten av november. Dei må sjølve kontakte legesenteret for avtale. Ring tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8–14 på kvardagar, eller send sms (følg lenka for å sjå korleis du gjer det)


 

Kven bør vaksinere seg?

Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men nokre risikogrupper er meir utsatt for alvorleg sjukdom enn andre. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg. Her er FHI si oversikt over risikogrupper som bør ta influensavaksine årleg.

 

Vent litt...

Influensamodulen i programmet vårt er ikkje heilt klar enda, så det er fint om du venter til 18. oktober med å ta kontakt for timebestilling.

Det kjem også annonse i Vikebladet med meir informasjon.