Høyring: Utdjuping ved Skinnabrokleia, Svædet og Kyrkjefluda med tilhøyrande deponi

Høyring: Utdjuping ved Skinnabrokleia, Svædet og Kyrkjefluda med tilhøyrande deponi

Høyringsfristen er 5. juli.  Formålet med planarbeidet er å gjera det sikrare og meir framkomeleg for fartøy som trafikkerer i farleia mellom Røyrasundet og Svædet. 

Kystverket og Multiconsult har lagt planen ut til høyring og offentleg ettersyn.

Saksdokumenta finn du på nettstaden til Kystverket. Der ser du også korleis du kan sende inn merknader.

Merk at fristen for å kome med merknader er 5. juli 2024.

Planområda omfattar områda som er vist på kartutsnittet. 

Kart. - Klikk for stort bilete Kystverket

 

Formålet med planarbeidet er å gjera det sikrare og meir framkomeleg for fartøy som trafikkerer i farleia mellom Røyrasundet og Svædet. Det vert regulert område for utdjuping og deponi i sjøområde.

Svædet og Kyrkjefluda ligg i Ulstein kommune. Utdjupingsområda omfattar svært mange små grunner og større blokksteinar ved Svædet og sørover, og ei større grunne ved Kyrkjefluda og ei mindre ved Djupklekken.

Skinnabrokleia ligg i kommunane Herøy og Ulstein. Området ligg i Bøfjorden mellom Torvikholmane og Hatløya, Borgarøya og Kalvøya. Utdjupingsområda områda omfattar 17 grunner.