Høyring: Trafikktryggingsplan

Ulstein kommune har utarbeidd ein ny trafikktryggingsplan som gjeld for heile kommunen.

Illustrasjon. To skulebarn med skulesekkar som går langs vegen. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. Pixabay.com

Planen handlar om kva arbeid kommunen gjer og har gjort for å vere trygg å ferdast i. Og kva slags arbeid kommunen skal satse på framover, både haldningsskapande og fysiske tiltak.

Planen skal no ut på høyring i seks veker. De er invitert til å kome med innspel til sjølve planen eller konkrete trafikktryggingstiltak som de meiner må gjennomførast/prioriterast.

LES PLANEN HER (PDF, 723 kB)

Send innspel til e-post: postmottak@ulstein.kommune.no eller som brev til Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Frist for innspel er 22.03.23.

Etter høyringsrunda skal ei arbeidsgruppe gå gjennom innspela og utarbeide endeleg plan som skal til behandling i dei politiske utvala, før godkjenning i kommunestyret.

Skjermbilde av framside. "Trafikktrygginsplan 2023–2027". Illustrasjon av to skulebarn. - Klikk for stort bileteFramsida til trafikktryggingsplanen.