Høyring: Kommunedelplan levekår Ulstein kommune 2020-2032

Fram til 23. mars 2021 kan du uttale deg om utkastet til kommundelplan levekår for Ulstein kommune for perioden 2020–2032.

Klikk for stort bileteForside kommunedelplan Levekår Tegneren           

I samsvar med vedtak i levekårsutvalet 20.01.2021 er framlegg til Kommunedelplan levekår 2020-2032 utlagd til 1. gongs offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova, § 11-14. 

Planen har status som ein kommunedelplan og skal fungere som eit overordna styringsverktøy for utvikling og prioritering av tiltak i kommunen knytt til sektorane helse og omsorg, oppvekst og kultur. I tillegg er innbyggjarar, frivillige, lag og organisasjonar og næringslivet i målgruppa for planen. Det vil før slutthandsaming av planen bli jobba med strukturering og prioritering av tiltak.  

Kommunedelplan levekår 2020-2032 - høyringsutkast (PDF, 241 kB)  

Planen er også utlagd i Ulstein rådhus, 1. etasje. Offentlege mynde og høyringsinstansar vert varsla ved eige brev. 
 

Frist og adresse

Klikk for stort bileteIllustrasjon ordførar - kva er viktig for deg? Tegneren  Har du merknader eller innspel kan du sende det til kommunen til ei av adressene under.
Merknadsfristen er sett til 23. mars 2021.

Merk svaret ditt «Levekårsplan - saksnummer 19/10379" og send svaret  på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no eller i posten til Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.