Høgaste målte vasstand på 27 år

Klikk for stort bileteFloda stod innover land ved småbåthamna i Ulsteinvik 11. februar 2020. Svein Arne Orvik Kl. 00.30 natt til tysdag stod sjøvatnet i Ulsteinvik 2,97 meter over sjøkartnullen. Vi har hittil ikkje registrert skader som følge av vatnet. 

Nivået i natt var 11 cm høgare enn det som vart målt under stormfloda i januar i år. 15. januar målte vi vasstanden til 2,86 cm over sjøkartnullen. 

Den høgaste vasstanden vi har målt var i januar 1993, då stod vatnet 3 cm høgare enn i natt. 

Kl. 11–14 tysdag ettermiddag tek vatnet seg opp att. Varselet om ekstremt høg vasstand gjeld til kl. 15 tysdag 11. februar