«Her bur vi»

Klikk for stort bileteFørre veke var det teknologiveke på skulane i Ulstein kommune. Elevane ved femte trinn på Ulsteinvik barneskule har laga nettside om kommunen vår.

Lanseringsfest

Fredag 4. oktober var det lanseringsfest for nettsida «Her bur vi - Ulstein kommune». Då var det offisiell opning av nettsida med raud laupar, sjampanje og tale. Ein lanseringsfest er ikkje komplett utan snorklipping, og rektor Vegard Sæter Gurskevik fekk det ærefulle oppdraget.

Fire skulekrinsar

Nettsida handlar om Ulstein kommune, og elevane har samla og produsert stoff frå dei fire skulekrinsane i kommunen. Her finn du informasjon om både skulane, organisasjonar, fritidsaktivitetar, bedrifter, intervju med innbyggarane og meir. Elevane har blant anna filma, tatt bilde og skrive tekst, og det er imponerande å sjå kva elevane har fått til på så kort tid!

Kva har elevane lært? 

Det å lage ei nettside er ein omfattande prosess, og elevane har lært mykje. Samarbeid er viktig, og det er mange ulike oppgåver som må gjerast. Elevane har også lært mykje om foto, film og intervju og om korleis sette alle delane saman til ei nettside. Sist men ikkje minst har dei også lært mykje om heimkommunen.