Heider til nyskapinga i Ulstein

Klikk for stort bileteGratulerer til Trondheim kommune, som vann Innovasjonsprisen 2019! Vi er svært stolte over å bli nominerte til prisen som ein av berre tre kommunar i landet.

  

– Sjå til Ulstein

Dette seier juryen om Ulstein:

«Andre kommunar bør sjå til Ulstein og korleis de samarbeider med næringslivet for å møte morgondagens rekrutteringsutfordringar.

Ved å involvere både næringsliv og innbyggarar viser Ulstein korleis ein skal arbeide samanhengande og på tvers av kommunesektoren.

Juryen rosar derfor Ulstein kommune for deira satsing på framtidig innovasjonskraft, heilskapleg tankegang og arbeid for å spreie dei gode ideane.»

Sjå filmen som er laga fordi vi vart nominert og som presenterer teknologiskulen i Ulstein

 

Inspirerande 

Vi takkar for gode ord, dei inspirerer oss til å bygge vidare på innovasjonskulturen i heile organisasjonen og i lokalsamfunnet!

Vi ser fram til mykje godt nyskapingsarbeid i samspel mellom dei tilsette i kommunen, dei folkevalde, innbyggarane og samarbeidspartnarane våre i næringsliv, akademia, nabokommunar og frivillige organisasjonar.

 

Tre nominerte

Prisen vart delt ut på konferansen «Fremtidens kommuner» i Arendal 7. juni 2019. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut prisen ein gong i året.

20 kommunar vart vurderte av juryen i år, og Ulstein er ein av tre kommunar som vart nominerte

På bildet frå venstre: kommunalsjef Gry Nordal, ordførar Knut Erik Engh, rådmann Verner Larsen, kommunalsjef Marit Botnen. 

Kontakt

Knut Erik Engh
ordførar
E-post
Mobil 957 66 692
Verner Larsen
rådmann
E-post
Telefon 70 01 75 13
Mobil 982 30 601