Har du røysterett i stortingsvalet?

Har du røysterett i stortingsvalet?

Valg.no Manntalet for stortingsvalet 2021 er no tilgjengeleg for offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset. Dersom du nyleg har flytta, eller budd lenge i utlandet, kan det vere lurt å sjekke om du står i manntalet.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du vert registrert automatisk i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i den 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta, og ønskjer røysterett i den nye kommunen, må du difor melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni. Flyttar du etter 30. juni har du røysterett i kommunen du flyttar frå.

 

Kven har røysterett?

Du har røysterett dersom du er:

  • norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2021 (født i 2003)
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand, har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

 

Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje di siste bustadskommune om å bli ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søkje til Oslo kommune. 

 

Slik kan du sjekke om du er manntalsført

Du kan kontakte den kommunen du sist var registrert i. Alle kommunar i Noreg er pålagt å legge ut eit såkalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntal er eit manntal som vert gjort offentleg tilgjengeleg, slik at du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar og eventuelt sende inn klage dersom det er feil i manntalet.

Utleggingsmanntalet i Ulstein er no tilgjengeleg for offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset. Rådhuset har ope kvardagar kl. 9-15. Utleggingsmanntalet vert liggjande ute til offentleg ettersyn til og med valdagen måndag 13. september.

Utleggingsmanntalet inneheld namn, adresse, fødelsdato og opplysningar om krinsen du er manntalsført i. 

 

Slik søkjer du om å bli innført i manntalet

  • Ved førehandsrøysting i utlandet:
    Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøysting utanriks.
     
  • Ved førehandsrøysting i Noreg:
    Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan gjerast i eit vanleg brev, eller ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samtidig som du avgir di røyst - vi har søknadsskjema klart i førehandsrøysteperioden. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.

    Søknaden skal sendast/leverast til Valstyret i Ulstein, postboks 143, 6067 Ulsteinvik

Søknadsfrist: Søknaden må vere komen fram til valstyret innan 14. september kl. 17:00 for å kunne bli innvilga.