Røyst på førehand på Ulstein Arena

No er førehandsrøystinga på biblioteket i staden for rådhuset. Kom innom kl. 9–16 på kvardagane. Torsdagane 29.8. og 5.9. kan du røyste til kl. 20.

Aktuelt

Haddalvegen vert stengt for gjennomkøyring

Klikk for stort bilete Ulstein kommune

Haddalvegen vert stengt frå tysdag 13. august og i om lag to månader. Vi skal skifte ut ei eldre hovudvassleidning på staden. 

  
Den nye leidninga skal leggast i Haddalvegen. Dermed vert vegen stengt for gjennomkøyring i anleggsperioden. 

Arbeidet tek til ved krysset til Ringstaddalen (skulekrysset) og endar opp ved krysset til Einehaugen. Vegsperringa blir flytta sørover etter kvart.

Det vert laga til passasje for mjuke trafikantar. 

Arbeidet hastar og vert sett i verk på kort varsel. 

Sjå kartet som viser kor vegen vert vil verte stengt. 

Fann du det du leita etter?