Gult og grønt nivå i skular og barnehagar

Hasund skule. Janne-Marit Myklebust Ulikt smittetrykk gjer at kriseleiinga i Ulstein har bestemt at det vert gult nivå i sentrumsskulane og grønt nivå i krinsskulane. Alle barnehagane skal ha gult nivå.

Kriseleiinga i Ulstein har halde møte fredag morgon for å diskutere dei nye nasjonale tiltaka mot korona som vart lagt fram av regjeringa torsdag kveld.

Etter ei samla vurdering er konklusjonen at det vert gult nivå i sentrumsskulane og grønt nivå i krinsskulane. Alle barnehagane skal ha gult nivå.

Dette vil gjelde i to veker, og kriseleiinga skal ta ei ny vurdering av situasjonen i veke 4.

Grunngjeving

Ved Haddal skule, Hasund skule og Ulstein skule er det per i dag ikkje registrert verken smitta eller folk i isolasjon eller karantene. Kriseleiinga meiner difor at det er forsvarleg å drive skulen på grønt nivå.

Ved Ulstein ungdomsskule har det siste tida vore eit stort smitteutbrot med til saman nesten 30 smitta. Dette forgreinar seg også inn i Ulsteinvik barneskule.

Dette gjer at kriseleiinga meiner at skulane skal drive på gult nivå dei neste to vekene, også for å sikre nok tilsette på arbeid for å halde skulane opne.

SFO i krinsane kan halde ope på normalt vis, medan det i sentrum skal vere gult nivå, men med løyve til å dele inn i trinnvise kohortar for å sikre nok bemanning.

Barnehagane skal drive på gult nivå.

Det er gjort individuelle vurderingar for barnehagane som gjer at barnehagane er på gult nivå, sjølv om skulane i krinsane er på grønt nivå.

Kontaktinformasjon

Ved behov for meir informasjon kan føresette kontakte slik :

  •          Spørsmål relatert til skulen sin praksis: Rektor
  •          Informasjon/dialog om enkeltelev: Kontaktlærar
  •          Helsefaglege spørsmål: Helsetenesta i kommunen