Gratis vaksine mot lungebetennelse

Gratis vaksine mot lungebetennelse

Illustrasjonsfoto. Pixabay Ulstein kommune har 50 pneumokokkvaksinar som beskyttar mot infeksjonar som til dømes lungebetennelse. Vaksinen er tilrådd for alle over 65 år, i tillegg til personar med risikosjukdomar.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Rådet er også å revaksinere kvart 10. år. 

Vaksinen beskyttar mot pneumokokkinfeksjonar, der lungebetennelse er den mest alvorlege.

Ulstein helsestasjon tilbyr gratis vaksine. Har nokon vaksinen frå før, er det mogleg å få ein oppfriskingsdose om det har gått 10 år. Sjekk på helsenorge.no for å sjå om dette gjeld deg. Lenke: www.helsenorge.no

Dato for vaksinering: 25. mai.

Det er viktig at du tek vaksinen no om du ønskjer det, då dei går ut på dato etter 15. juni.

Ta kontakt med helsestasjonen for bestilling av time. Telefonnummeret til helsestasjonen er 70 01 78 80.