Gratis ungdomshelg 15.–16. februar

Klikk for stort bileteHenrikke Antonsen (10. kl.) og Andreas Sundgot (9. kl.) håpar mange tek turen når det blir ungdomshelg med mange gratis aktivitetar. Desto fleire, desto bedre, samstemmer elevane ved Ulstein ungdomsskule. Marie Flatin Kunst, yoga, kampsport, bading med meir. Bell ungdomsklubb inviterer til mange gratis aktivitetar fredag og laurdag. Tilbodet er for ungdom frå 7. klasse til 18 år. 

Takka vere midlar frå Ungdom og Fritid, Frifond kan ungdomsklubben Bell by på ei innhaldsrik helg for ungdommane. Hareid kommune er med som samarbeidspartnar. 

– Fredag blir det workshop i kunst og for konferansierar. Laurdag er det yoga, kampsport, bading med konkurranse og aktivitetar i idrettshallen. Det skjer frå kl.12 til kl.22 om kvelden, fortel ungdommane Henrikke Antonsen og Andreas Sundgot.

Dei to ungdommane, som også representerer Ungdomsrådet i Ulstein, fekk saman med ungdomsarbeidar Marie Flatin ta ei runde i klassene ved Ulstein ungdomsskule for å promotere arrangementet. 

– Vi håpar mange blir med på dette, samstemmer Andreas og Henrikke.

Fredagen på Bell

Workshop kunst blir med kulturskulelærar Monica Veermer kl. 18–21 på Bell Ungdomsklubb medan workshop for konferansierar er i regi av arrangør for UKM Hareid & Ulstein. 

– Det er berre å møte opp om du er i alderen frå 7. klasse til 18 år. Men for å vere sikra plass på workshop kunst er det lurt å melde seg på til meg via messenger eller e-post marie.flatin@ulstein.kommune.no, fortel ungdomsarbeidar Marie. 

Laurdagen på Ulstein Arena

Det same gjeld laurdagens minikurs i yoga med oppmøte kl.11.50 i idrettshallen på Ulstein Arena. Etter kurset blir det også ei økt i Ashtanga-yoga. Begge deler er ved instruktør Linn Urke, som også har timar ved Yogano. 

Varg Kampsport og Fitness vil i samarbeid med Ulstein Judoklubb vise demoar i judo, boksing, kickboxing og brasiliansk jiu jitsu frå kl. 15. Ungdom får mulegheit til å prøve seg, så det er berre å ta med treningskle. Kl. 19–21 er det gratis bading på Ulsteinbadet med konkurranse. 

Det blir også aktivitetar i idrettshallen frå kl. 18 til kl.22. Kanonballturnering, basketball – det er opp til ungdommane sjølve kva dei har lyst til! Det blir også stand med Ulstein LAN, Ulstein – Lokalsamfunn med MOT og UKM Hareid & Ulstein.