Gratis strøsand til eldre og uføre

Gratis strøsand til eldre og uføre

Svein Arne Orvik Frivilligsentralen deler ut gratis strøsand til eldre og uføre. Dette er eit enkelt, men viktig tiltak for å hindre lårhalsbrot. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det er is og glatt ute, og Ulstein frivilligsentral har eit veldig flott tilbod til eldre og uføre som er busette i Ulstein kommune. Frivilligsentralen deler nemleg ut gratis sandsekkar til denne gruppa.

Frivilligsentralen held til i Skollebakken 6.

 

Ta kontakt med Inger Anne Dimmen på telefon 982 30 613 for avtale og informasjon.

Dersom du har motteke ein sandsekk tidlegare - ta gjerne sekken med deg tilbake, slik at vi kan bruke den opp att.