Gratis kjernetid i SFO

Gratis kjernetid i SFO

Det er gratis kjernetid SFO for elevar i 1.klasse og 2. klasse. 

For elevar i 1.klasse og 2. klasse, er det 12 timar gratis kjernetid i SFO. 

Ordninga inneber ei moderasjonsordning på 12 timar per veke i fråtrekk på eigenbetalinga i SFO det skuleåret barnet går i 1.- og 2. klasse. Denne ordninga kjem i tillegg til ordninga med redusert foreldrebetaling til hushaldningar med låg inntekt. Barn med særskilte behov har i tillegg til gratis kjernetid i 1.- og 2. klasse, tilbod om gratis SFO 5. – 7.klasse.

Lenke: Les meir om SFO-tilbodet i Ulstein her.

Ulstein kommune har for skuleåret 2023/2024 tilbod om SFO med 2, 3, 4 eller 5 dagar SFO. Omrekna til timar, vil ei moderasjonsordning for elevar i 1.- og 2.klasse frå skuleåret 2023/2024 vere slik med dei ulike dagstilboda:

Tilbod

Timetal

Ordinær sats/mnd

Moderasjon

SUM

SFO 2 dagar

  9,6 t

1200 kroner

1500 kroner

0 kroner

SFO 3 dagar

14,4 t

1800 kroner

1500 kroner

300 kroner

SFO 4 dagar

19,2 t

2400 kroner

1500 kroner

900 kroner

SFO 5 dagar

24.0 t

3000 kroner

1500 kroner

1500 kroner

 

Med atterhald om politisk handsaming vil vedtektene for SFO verte endra i tråd med endringa i forskrift til opplæringslova, men likevel slik at betaling for SFO vil vere for 11 månader og med ferietilbod haust, vinter og sommar inkludert i eigenbetalinga.

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11