Gratis kajakk-kurs og padlefestival for ungdom

Klikk for stort bilete Pexels Siste veka før skulestart er det gratis grunnkurs i kajakk i Eiksund for ungdom!

Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Herøy kajakklubb, Ung Arena Ulstein og Bell ungdomsklubb inviterer ungdom i alderen 13–19 år til padlefestival over tre dagar i Ulstein i midten av august.

13. august: Open dag på badeplassen i Eiksund

På dag 1 av padlefestivalen vert det open dag på badeplassen på Eiksund der det i tillegg til å kunne prøve kajakk vil vere mange kjekke aktivitetar på land i samarbeid med Ung Arena Ulstein og Bell ungdomsklubb. Friluftsrådet set opp lavvoar til omkledingsrom ved stranda og det vert høve til strandvolleyball, frisbee, grilling m.m. Hugs å ta med eigen grillmat. 

All bading skjer på eige ansvar

Friluftsrådet og samarbeidspartnarar er til stades og vil gjere vårt beste for at ungdomane skal ha det kjekt. Arrangørane tek ansvar for dei som prøver kajakk og er med på aktivitetar som vi arrangerer. Men all bading er på eige ansvar. Arrangørane har dessverre ikkje moglegheit til å ha oversikt over kven som er i vatnet til ulike tider på eit slikt ope arrangement på offentleg stad. 

14. og 15. august: Gratis kajakk grunnkurs UNG med våttkort frå Padleforbundet

Dei to siste dagane av padlefestivalen vert det arrangert kajakk grunnkurs UNG med rettleiarar frå Herøy kajakklubb. Grunnkurset gir deg grunnleggande ferdigheiter i kajakk og du får lære å manøvrere kajakken og teknikkar for redning. Å kunne vurdere tur etter evne er også sentralt for å kunne planlegge trygg tur etter farvatn og forhold med vêr, vind, bølgjer og straum. 

Grunnkurset gir deg våttkort frå Padleforbundet. Våttkort kan gi deg tilgang til å låne kajakkutstyr med Bua Ulstein, Herøy kajakklubb m.fl både lokalt og andre stader i landet. 

Her melder du deg på kurset

Kajakk gir meistringsglede

Sunnmøre friluftsråd ynskjer å fremje eit aktivt og allsidig friluftsliv for barn og unge i regionen vår. Friluftsrådet trur at gode opplevingar og ferdigheiter i friluftsliv kan gi livslang glede i å ferdast i naturen. Og kajakk er ein spesielt kjekk måte å vere i aktivitet på og for å oppleve natur og dyreliv. 

Kajakk er ein fantastisk måte å ferdast på der ein glir lydlaust langs fjøra og mellom øyar og skjer. Mange fuglar og dyr oppfattar oss ikkje like skumle når vi kjem glidande i ein kajakk og på den måten kan ein få nye og unike naturopplevingar. Kajakk gir raskt meistringsglede når ein lærer å manøvrere den og saman med andre erfarne padlarar vil ein kunne få gode tips og kjekke erfaringar. 

Les meir om padlefestivalen på nettstaden til friluftsrådet