God auke i tidlegrøystinga

Klikk for stort bileteMarie Bjerkvik nytta sjansen til å røyste tidleg på Ulstein rådhus, der valmedarbeidar Rakel Ellingsen tok imot røysta. Svein Arne Orvik Meir enn tre gongar så mange har røysta tidleg i år samanlikna med ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015. 

  
48 veljarar røysta på Ulstein rådhus i løpet av den såkalla tidlegrøystinga frå 1. juli til 9. august i år. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 var det tilsvarande talet 14. 

 

Fleire i år enn ved sist stortingsval

Ved stortingsvalet i 2017 tidlegrøysta 37 veljarar. I 2013 var det 56 som deltok i tidlegrøystinga ved stortingsvalet.  

Valdeltakinga er samla sett oftast høgare ved stortingsvala enn ved kommunestyre- og fylkestingsvala. 

 

Førehandsrøysting heilt til 6. september

Den ordinære førehandsrøystinga tek til måndag 12. august og varer til 6. september. Bruk røysteretten og klikk her for å sjå kvar du kan førehandsrøyste