Gler seg over ny brannstasjon: - Dette vert ei flott julegåve!

Klikk for stort bileteBrannsjef Olav Helt Brubakk gler seg over at bygginga av ny brannstasjon er godt i gang - og i rute. Janne-Marit Myklebust

Brannsjef for Hareid og Ulstein brannvesen, Olav Helt Brubakk, ser fram til å kunne ta i bruk den nye brannstasjonen i Holsekerdalen.

Han trur at nye lokale vil auke både motivasjonen blant dei tilsette og beredskapen for innbyggjarane.

14. desember har entreprenør HS Rise Bygg AS sett som dato for overlevering av den splitter nye brannstasjonen. Førebels er alt i rute, fortel prosjektleiar for Ulstein eigedomsselskap KF, Idar Brekke.

- Verken frost eller snø har forseinka prosessen. Det første spadetaket vart teke rett over nyttår, og sidan har prosjektet gått sin gang, etter planen, fortel han.

Klikk for stort bileteProsjektleiar frå Ulstein eigedomsselskap KF, Idar Brekke, og brannsjef Olav Helt Brubakk, på synfaring i Holsekerdalen. Janne-Marit Myklebust Dronefilm frå området:

Dronefilm: Aage Christensen, UEKF

Den gamle brannstasjonen i Ulsteinvik har gjort si teneste, ifølgje Brubakk.

Det er tronge kår og dårlege forhold. Dei har problem med å få vaska utstyret skikkeleg etter utrykking, og kvinner og menn må dele garderobe. Arbeidstilsynet har også vore inne og gitt pålegg om å etablere tilfredsstillande arbeidslokale, inkludert personalrom for dei tilsette.

- Eg håper at vi kan få ein oppsving i rekrutteringa no når garderobeforholda vert betre. Brannstasjonen vi har i Ulsteinvik i dag er den dårlegaste på Sunnmøre. Eg gir den nye stasjonen ein 11-ar på ein skala frå 1-10.

Klikk for stort bileteGamle Ulsteinvik brannstasjon. Janne-Marit Myklebust

- Vi har gjort det beste ut av situasjonen, men eg trur at motivasjonen nok får seg ein oppsving når vi får flytte inn i nye lokale. Her vil vi vere i betre stand til å ta skikkeleg vare på utstyret vårt også. Det vil jo igjen kanskje ha noko å seie for beredskapen til innbyggjarane, sjølv om vi sjølvsagt har god beredskap også i dag.

Den nye brannstasjonen har ein prislapp på 36 millionar kroner og vert ført opp over to etasjar. Også feiarane skal inn her, og Sivilforsvaret skal ha sitt lager her. Eine delen av brannstasjonen skal huse brannbilane, og fungerer som vaskehall.

Klikk for stort bileteSkisse av ny brannstasjon i Ulsteinvik. Sporstøl Arkitekter  

- Det vert godt å kunne stå inne og vaske bilane. Det har ikkje alltid vore like enkelt, særleg om det har vore kalde minusgrader ute, seier Brubakk. 

Klikk for stort bileteBygginga av ny brannstasjon i Ulsteinvik tok til rett over nyttår 2021. I desember skal alt vere klart. Aage Christensen/UEKF  - Det er kjekt å få vere med på den fine sluttspurten, for arbeidet for å få bygd ny brannstasjon i Ulsteinvik har gått føre seg over fleire år. No skjer det endeleg, seier prosjektleiar Brekke.

Klikk for stort bileteNystøypt fundament i den nye brannstasjonen i Holsekerdalen. Janne-Marit Myklebust  

Kontakt

Idar Brekke
- Prosjektleiar
E-post
Mobil 982 10 302