Gi oss beskjed om jonsokbål

Klikk for stort bileteViss du har tenkt å brenne bål jonsokaftan, må du sende skriftleg beskjed til brannvesenet seinast 20. juni. 

  

Gi melding om jonsokbål 

Generelt ër det forbode å brenne bål frå 15. april til 15. september. Men «Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar» gir lov til bål i Hareid og Ulstein på jonsokaftan. 

For at brannvesenet skal ha kontroll med omfanget av jonsokbål, skal større og mindre bål meldast inn skriftleg.

Fristen for å melde inn jonsokbål er 20. juni 2019.

Det er ikkje naudsynt å melde inn små bål som skal brukast til grilling og koking av kaffi. Men grunneigaren må ha gitt løyve til å brenne bål. 

Du kan gi brannvesenet melding på to måtar: Send ein e-post eller fyll ut eit digitalt søknadsskjema.  

 

E-post

Send ein e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk e-posten «Jonsokbål».

I e-posten skal det minst vere informasjon om 

  • kor det skal brennast, gjerne med gards- og bruksnummer og kart (sjå www.sunnmorskart.no)

  • det er gjeve løyve frå grunneigaren 

  • namn, e-postadresse og mobilnummer til den som er bålansvarleg 

 

Skjema

I staden for e-post kan du gi melding ved å bruke dette skjemaet

 

Kva er det ikkje lov å brenne? 

I samband med jonsokaftan i fleire år har det vore observert materiale i nokre bål som etter gjeldande reglar ikkje kunne brennast. Det var olje- og plastprodukt, malt trevirke, samt anna søppel. Brenning av bål med slikt innhald er brot med forureiningslova med tilhøyrande forskrifter. Dette er også brot med «Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar», som vart fastsett av kommunestyret.

Forureiningslova med tilhøyrande forskrifter avgrensar kva som er lov å brenne. I § 6 i lova er forureining blant anna definert som tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen, og som er eller kan være til skade eller ulempe for miljøet. Etter forureiningslova § 7 skal alle unngå å forureine.

 

Synfaring av jonsokbål 

Også i år vil brannvesenet gjennomføre synfaringar av jonsokbål. Det vil verte tatt stikkprøver.

Vi vil sjå etter at vilkåra i den lokale forskrifta er følgd, jf. § 6 punkt d.: «Bålbrenning jonsokaftan på stader med liten fare for brannspreiing. Det som vert brent skal vere reint trevirke og/eller organisk materiale. Grunneigar må ha gjeve løyve, og brannsjefen må ha fått melding».

Dersom det vert funne forureina materiale i jonsokbål, vil brannvesenet forby tenning av desse båla. 

 

Tips om branntryggleik 

  • Bygg opp eit stabilt jonsokbål, slik at det ikkje kan velte. Kast heller på meir materiale medan det brenn enn å lage det for stort og ustabilt

  • Dei som handterer jonsokbålet skal vere edrue. Bålansvarleg må vurdere om bålet kan tennast på med omsyn til vind, forureina materialar m.m.

  • Lag ei sikringssone. I ei sone rundt jonsokbålet bør det dynkast med vatn, slik at faren for at bålet spreier seg og kjem ut av kontroll vert redusert. Storleiken på sikringssona står i høve til storleiken på bålet (ikkje over 10 m³), vêr og vind og topografi. 

  • Ha eigna og nok sløkkjemiddel i nærleiken. Sløkjemiddel kan vere hageslange, bøtter med vatn, handsløkkjarar, eller ein kombinasjon av desse

  • Tenk førstehjelp. For behandling av brannskade på hud er det viktig med kjøling. Kaldt vatn og aloveaplante/-produkt er gode hjelpemiddel for lindring av svie. Avhengig av kor stort og djupt brannsåret vert må personar på staden vurdere om lege/ambulanse bør verte kontakta.

 

Hareid og Ulstein brannvesen ynskjer til slutt at alle skal ha ein fin og trygg feiring av jonsokaftan!