– Mary Breivik er ein verdig vinnar med sitt brennande engasjement for dei eldre på Ulshaug-området, sa prisutdelar Inger Anne Dimmen, dagleg leiar hjå frivilligsentralen.
Prisen vart delt ut under julefrokosten til omsorgsbustadane ved Ulshaugen og Holsekerdalen 20 torsdag. Mary Breivik fekk blomar, diplom og ein gåvesjekk på 5000 kroner.
– Eg er svært overraska og har nesten ingen ord. Tusen takk! sa prisvinnaren.
Breivik har i mange år drive frivillig arbeid for eldre i omorgsbustadane. Ho har lenge vore ein pådrivar for julemessa på Bygdastova. I tillegg er Breivik med i ei kvinnegruppe som arrangerer kvinneforeining to gongar i månaden.
Til lykke med ein vel fortent pris!