Framleis tilbod om koronavaksine

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bileteIllustrasjon FHI

Litt om koronavaksinering og råd og rettleiing dersom du er koronasmitta.

Koronapandemien er ikkje over, men restriksjonane er i stor grad oppheva. Det er ikkje lenger krav om testing eller registrering av koronasmitte.

Dersom du likevel har testa deg og fått ein positiv test, vil vi gjerne vite om det, for å ha ei viss oversikt over smitte i samfunnet.

Du kan registrere positiv sjølvtest her

Ulstein helsestasjon/Ulstein legesenter/Ulstein Arena har hurtigtestar dersom du treng, men i avgrensa mengder. 

Råd ved smitte

Helsenorge.no seier dette om kva du skal gjere dersom du er smitta:

  • Det er ikkje reglar for karantene eller isolasjon.
  • Du treng ikkje å teste deg for korona, sjølv om du har symptom.
  • Du bør halde deg heime om du er sjuk med luftvegssymptom.
  • Du treng ikkje registrere positiv sjølvtest.
  • Du treng ikkje ta PCR-test. Om du treng dette for dokumentasjon i koronasertifikatet, må du betale for det sjølv.
  • Du bør unngå kontakt med personar i risikogrupper, dersom du har luftvegssymptom.

Meir kan du lese på helsenorge.no sine sider.

Vaksine

Det er framleis tilbod om koronavaksinasjon i Ulstein kommune. Vi vaksinerer per no éin gong per månad. Vi har også samarbeid med Hareid kommune, slik at det totalt sett vert vaksinasjon to gongar per månad i dei to kommunane. Følgande datoar er sett opp, med atterhald om endringar:

Vaksinasjonsdatoar Ulstein:

  • 7. desember
  • 11. januar

Vaksinasjonsdatoar Hareid:

  • 23. november
  • 14. desember
  • 25. januar

Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med råd om oppfriskingsdose til ulike grupper. Du kan lese meir om det her: FHI koronavaksine haust og vinter 2022

Aktuelle grupper er:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Uvaksinerte
  • Delvaksinerte
  • 18-64 år med alvorleg underliggande sjukdom
  • 5-11 år med alvorleg underliggande sjukdom

Usikker på om dette gjeld deg? Ta kontakt med Ulstein helsestasjon på telefon 47 75 47 74.