Frå rådmann til kommunedirektør

Klikk for stort bileteLeiargruppa i Ulstein kommuneTittelen rådmann er historie i Ulstein. Heretter er kommunedirektør tittelen på den øvste administrative leiaren i kommunen.

 
Leiargruppa i kommunen består dermed av (frå venstre på bildet) 

  • kommunalsjef for teknisk etat Arne Runar Vik 
  • kommunalsjef for organisasjon og utvikling Monica Cecilie Torp 
  • kommunedirektør Verner Larsen 
  • kommunalsjef for oppvekst- og kulturetaten Gry Nordal 
  • kommunalsjef for helse- og omsorgsetaten Marit Botnen 

 

Kommunestyret vedtok den nye tittelen 31. oktober 2019.

I saksutgreiinga til kommunestyret var det vist til at tittelen kommunedirektør er

  • kjønnsnøytral
  • tilrådd av Kommunaldepartementet
  • brukt i den nye kommunelova
  • tilpassa tittelen kommunalsjef
  • meir sjølvforklarande enn tittelen rådmann