Fornyar samarbeidet mellom skule og næringsliv

Klikk for stort bileteDet gode samarbeidet mellom næringslivet og skulen held fram etter at ein ny samarbeidsavtale er underskriven. Odd Nesse Kommunen og representantar for lokale bedrifter har avtalt å forlenge samarbeidsavtalen mellom skulen og næringslivet. 

Sidan 2015 har vi hatt ein forpliktande og heilskapleg plan for samarbeidet mellom grunnskulen og det lokale arbeidslivet i Ulstein. Ein eigen avtale om dette vart underskriven i 2015, og no er avtalen forlenga til 2022. 

 

Allsidige aktivitetar 

Planen for samarbeidet omfattar ei rad program og aktivitetar: 

  • 5. årstrinn: «Vårt lokalsamfunn»
  • 7. årstrinn: «SikkSakk Europa» 
  • 5.-7. årstrinn: bedriftsbesøk
  • 8. årstrinn: jobbskugging
  • 9. årstrinn: arbeidsveke (pryo) 
  • 9. årstrinn: økonomi og karriereval 
  • 9. og 10. årstrinn: innovasjonsprosjekt 
  • 10. årstrinn: karrieredagar 
  • utprøving/hospitering i den vidaregåande skulen 

 

Underskrivarane

Desse har skrive under avtalen som forlengar samarbeidet:

  • Knut Erik Engh, Ulstein kommune

  • Andrea Øien Sæverud, SSR

  • Jan Thormodsæther, Mafoss

  • Bjørn Berge, Evotec

  • Magne Gurskevik, Kleven

  • Ellen Kvalsund, Sparebanken Møre

  • Dag Skarbø, Kongsberg

  • Annelise Alme Kaldhol, Ulstein Group