Fått AstraZeneca? No får du påfyll med Pfizer sin vaksine

Fått AstraZeneca? No får du påfyll med Pfizer sin vaksine

Klargjering av vaksiner ved helsestasjonen i Ulstein. Janne-Marit Myklebust Regjeringa har bestemt at alle som har fått første dose med AstraZeneca-vaksinen skal få tilbod om å ta andre dosen med Pfizer sin vaksine. Alle aktuelle i Ulstein vert kalla inn til time.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

På grunn av tilfelle av alvorlege biverknadar har Folkehelseinstituttet råda regjeringa til å skrote AstraZeneca-vaksinen. Sjølv om biverknadane er svært sjeldne, har dei ramma friske, unge menneske. 

Les meir i dette brevet frå FHI.

Det er om lag 135 000 som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen i Noreg.  FHI melder at verknaden etter første dose er god og varer i minst 12 veker

- Sjølv om vi tidlegare har skrive at vi ikkje rår til å kombinere ulike vaksinetypar, vil dette likevel vere den beste løysinga i denne situasjonen. Erfaringar vi har frå vaksinar mot andre sjukdomar har vist at det går fint å kombinere ulike vaksinetypar, skriv FHI.

Alle som har fått ein dose med AstraZeneca-vaksinen i Ulstein, vil få innkalling og tilbod om Pfizer sin vaksine som dose to.