Fare for utmarksbrannar

Fare for utmarksbrannar

I perioden frå 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

I periodar med tørt vêr er det generelt fare for gras-, lyng- og skogbrannar. Våren er ”høgsesong” i så måte, og på Hareidlandet er det diverre årlege utmarksbrannar. Desse kan få store negative følgjer både for folk, dyr, bygningar, skog og anna.

Hareid og Ulstein brannvesen vil minne om at det har tidlegare i år har vore gras- og lyngbrannar på Hareidlandet.

Ein kvar pliktar å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.

Forbod

Det er forbod mot å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Har du gjort opp bål eller anna eld, må du ikkje forlate staden før flammane er sløkte. .

I perioden frå 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Det er viktig at folk følgjer dette påbodet. Elden kan spreie seg raskt, og kombinasjon av vind og topografi med tørre vekstar kan føre til at situasjonen kjem heilt ut av kontroll.

Brannsjefen kan etter søknad gi løyve til bålbrenning ved spesielle tilhøve.  Søppelbål og bål med ureine materiale er uansett ulovleg. Kommunane kan ikkje gi dispensasjon frå dette kravet. 

Dersom brannfaren er spesielt stor utover tidsrommet nemnt over, kan kommunen innføre forbod mot å gjere opp eld eller behandle brannfarlige gjenstandar utandørs i bestemte område. 

Forbod om brenning i tettbygd strøk i Ulstein og Hareid kommune

Forbodet er skildra i “Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar”.

I forskrifta til Ulstein kommune er det definerte forbodssoner. 

Dersom nokon likevel ønskjer å brenne i forbodssonene kan ein søknad verte sendt til brannsjefen.

Søknadsskjema finn du her. 

Eit anna moment ved bålbrenning er at mange får sterkt helserelaterte plager av røyken. Brannvernet oppmodar difor folk til å vise omsyn og ikkje brenne hageavfall, men køyre dette til hageavfallsplassen i Saunesmarka.

Meir informasjon om bålbrenning finn du her

test - Klikk for stort bilete test   

Førstemann til skogbrann

Dette kan du gjere om du som førstemann kjem til ein skogbrann.(henta frå www.dsb.no)

  1. Varsle brannvesenet på naudnummer 110 om brannen. Fortel kven du er, gi beskjed om korleis du kan verte kontakta. Tydelig stadskildring er viktig å gi, og møt gjerne brannvesenet for å vise vei fram til brannstaden
  2. Start sløkkingsarbeidet med tilgjengelige ressursar. Brekk eller hogg et lite lauvtre på cirka to meter og fjern kvister nedanfrå til du sitter igjen med en dusk i toppen. Dette er et særskilt effektivt reiskap om den nyttast som en feiekost på brennande organisk materiale. Børst/fei flammene tilbake i brannområdet. Ikkje slå, det har dårligare effekt og kan til og med gjøre vondt verre. Hagekanner og bøtter kan gjøre god nytte om vatn er tilgjengelig. Du kan også bruke sand eller tepper for å forsøke å kvele flammene
  3. Bevar fatninga og fordel tilgjengelige ressursar på kvar side av eldens flanker. Treng eld ned som mot botn av en trekant til den er sløkt
  4. Sørg for tilstrekkelig etterslokking og vakthald. Ved skogbrann kan det brenne i jordsmonn, trestubbar, maurtuer, og anna, og ved litt vind vil elden raskt flamme opp igjen. Vær derfor særlig oppmerksam om det er meldt om vind eller vindauke
  5. Skogbrannslokking er farlig arbeid. Vis største varsemd og kom deg ut av området før flammene omringer deg. Ta ikkje sjansar!

Kontakt

Live Gandborg
branningeniør Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 20 34 94
Olav Helt Brubakk
brannsjef Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 99 01 70 68