Fantastisk engasjement!

Fantastisk engasjement!

 Rundt 300 barn og unge skal vere med på årets sommarcamp i Ulstein.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Allereie fredag går startskotet for årets sommarcamp i Ulstein, med ungdomstur til Kjeldsund. Denne turen er sponsa av Ulsteinvik Sanitetsforeining.

Engasjementet var stort då Ulstein lyste ut sommarcamp-tilboda, og dei ledige plassane gjekk unna. No er det rundt 300 barn og unge i Ulstein som kan glede seg til gratis sommarcamp i ei av ferievekene sine. Det vert alt frå fotball til skaparverkstad, segling og handball.

Midlane til sommarskule er i hovudsak eit tilskot vi har fått frå regjeringa på grunn av korona-nedstenginga av skular og fritidstilbod i 2020 og 2021.

Tusen takk til medarrangørar for tolmod og fantastisk tilpassingsevne.

No gler vi oss til alt startar!

Er det nokon som ikkje har fått svar på søknaden sin? Ta kontakt med Vedrana Terzic.

E-post: vedrana.terzic@ulstein.kommune.no, mob. 936 90 488.