Fagdagar om vald og overgrep v/ Øyvind Kvello

Fagdagar om vald og overgrep v/ Øyvind Kvello

Ulstein kommune inviterer til to fagdagar om vald og overgrep i Sjøborg 26.–27. februar, med professor Øyvind Kvello som hovudførelesar og over 150 deltakarar frå ulike tenester samla til eit viktig kompetanseløft.

Eit samla kompetanseløft for barn og unge i Ulstein

Ulstein kommune er svært glade for å kunne invitere til to fagdagar om vald og overgrep 26. og 27. februar i Sjøborg. I tett samarbeid med RVTS, KORUS og BTI-arbeidsgruppa i kommunen har vi samla over 150 deltakarar frå barnehage, skule, helsestasjon, barnevern og andre samarbeidspartnarar til eit viktig og framtidsretta kompetanseløft 

Hovudførelesar er professor Øyvind Kvello frå NTNU, ein av landets mest erfarne fagpersonar innan utviklingspsykologi, barnevern og sosialt arbeid. Gjennom forsking, undervisning og tett tilknyting til praksisfeltet vil han gi deltakarane både fagleg innsikt og konkrete verktøy i møte med utsette barn og unge.


Frå tidleg innsats til konkret handling
 

Dag 1 rettar seg mot alle som arbeider med barn og unge i kommunen.

Her blir det sett søkelys på dei første 1000 dagane i barnet sitt liv og betydninga av tidleg intervensjon, inkludert det kommunale hjelpeapparatet si rolle og ansvar, teikn og signal på uro, risiko- og beskyttelsesfaktorar og korleis vi byggjer trygge relasjonar.

Eit sentralt tema er kva vi gjer når vi er bekymra for eit barn, korleis utforske og handtere uro, korleis snakke med barnet og korleis gjennomføre gode samtalar med føresette. Dagen inneheld også presentasjon frå barneverntenesta, gruppearbeid og felles refleksjon, slik at kunnskapen blir forankra i praksis.

Dag 2 er særleg retta mot barnehagane og samarbeidande tenester.

I tillegg til faglege innlegg frå Kvello, blir det fokus på barn som lever i familiar med rusmiddelbruk ved KORUS, samt casearbeid og oppsummering med vegen vidare for kommunen 


Forankra i BTI

Fagdagane er forankra i BTI (Betre tverrfagleg innsats), kommunen sin modell for systematisk og tidleg oppfølging av barn og unge det er knytt uro til. Gjennom å samle så mange fagpersonar på tvers av tenester styrkar vi både felles forståing, samarbeid og handlingskompetanse.

Fagdagar i Ulsteinvik 2026 - Program (PDF, 230 kB)