Få råd i svangerskapet og småbarnsfasen i ny app

Klikk for stort bilete Pexels No kan gravide og småbarnsforeldre få trygge svar samla på éin stad. Gratisappen Helseoversikt er klar til bruk på Søre Sunnmøre. 

– I appen vil du finne helseråd frå dei riktige kjeldene og nyttige verktøy gjennom heile svangerskapet og i småbarnsfasen. Ved å bruke Helseoversikt slepp du å bli utrygg ved å søke rundt på internett, seiar prosjektleiar Inge Pettersen. 

Helseoversikt er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunale helsetenester. 

Relevant informasjon for deg 

– Helseoversikt har den fordelen at appen kan gi deg relevant og målretta informasjon ut ifrå kvar du er i svangerskapet eller alder på barnet ditt. Helseoversikt er eit godt supplement til vår eigen Helsestasjonsportal, seiar Pettersen. 

Her finn du appen

I appen vil du også finne informasjon om tilbodet frå helsestasjonen i kommunen din. I tillegg til norske helseråd frå riktige kjelder, inneheld den også mange nyttige verktøy som blant anna oppgåver ein må huske å gjere, timeavtalar, rieteljar, sparketeljar og mange videokurs.

Last ned appen i dag ved søke «Helseoversikt» i AppStore eller Google Play

Stadig nye funksjonar 

Appen vert stadig utvikla og det vil jamt komme nye funksjonar for å gje gravide og småbarnsforeldre ein tryggare og enklare kvardag.

Helseoversikt vert teken i bruk som ein del av prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste» i kommunane på Søre Sunnmøre (Sjusterna). Kommunane vil bidra til å vidareutvikle appen gjennom å teste nye funksjonar tidlega og ha direkte dialog med Helseoversikt AS om ønska funksjonar og innhald.