Erfaringsdeling om rusproblematikk

Klikk for stort bileteGunn Grønmyr, Renate Pedersen og Margaret Bjerkvik var nokre av dei som var med å arrangere seminaret. Rakel Ellingsen 18. november var det seminar på Sjøborg om rusmiddelproblematikk. Seminaret peika både på utfordringar knytt til rus i dag og på viktige tiltak framover.

  

Fokus på dei med rusmiddelproblem 

Oversiktseminaret hadde eit spesielt fokus på dei med eit etablert rusmiddelproblem og deira pårørande. Resultat frå Ungdata-undersøkinga og brukarundersøkningar vart lagt fram. I tillegg delte representantar frå tenesta for psykisk helse og rus, politiet, barnevern og NAV sine erfaringar.

 

Situasjonen i dag og vegen vidare

På møtet var det blant anna representantar frå tenesta for psykisk helse og rus, NAV, barnevern, politiet, helsestasjon, kulturetaten, planforum og nesten heile ungdomsrådet. Seminaret starta med foredrag og etter lunsj var det diskusjon i arbeidsgrupper. Det som kom fram denne dagen skal leggast fram politisk og det skal takast med i planarbeid framover.

 

Kompetansesenter rus

Oversiktsseminaret var i samarbeid med Kompetansesenter rus (KoRus). KoRus gjennomfører slike oversiktsseminar i både Hareid, Herøy, Sande, Ørsta, Volda og Vanylven og kvar kommune har valt ulike fordjupningar.