Er du student og treng koronavaksine?

Klikk for stort bilete Pixabay FHI oppfordrar alle studentar til å benytte seg av tilbod om første dose koronavaksine i den kommunen dei er folkeregistrert.

 

Vaksinestatus i Ulstein (per 7.7.2021)

Vi er no godt i gang med å kalle inn gruppe 10 (alder 18-24 år og 40-44 år). Personar født i 2003-2001 og 1977-1979 har fått SMS frå C19.

Vi fortset også å sende ut innkalling til lærarar og barnehagetilsette som jobbar i kommunen. Alle vil få innkalling innan veke 32.

MERK: Vi oppfordrar alle til å svare så raskt som råd på SMS som blir utsendt frå oss. Følg lenkja for å takke ja eller nei til vaksine. Dersom ein takkar ja, vil ein automatisk få tildelt første ledige time. Om nokon av viktige årsaker treng å endre timen, så kan dei avbestille og legge inn tidlegaste dato dei er tilgjengelege til vaksinering. Vi set pris på om timen du har fått tildelt kan tilpassast. Om dette er vanskeleg, treng vi så tidleg som mogleg beskjed for å kunne tilby ein annan person din time til koronavaksinering. 


Er du student til hausten?

Folkehelseinstituttet oppfordrar alle studentar til å benytte seg av tilbod om første dose koronavaksine i den kommunen dei er folkeregistrert, sjølv om det inneber reise. Dette er den raskaste måten å få første vaksinedose. 

I vaksinegruppe 10 vil det vere studentar. Om du skal vere student/reise vekk til ein annan kommune til hausten, kan du få første vaksinedose i Ulstein kommune - dersom du blir innkalla etter di aldersgruppe.

MERK: Uavhengig av om du er student eller ikkje, vil du bli innkalla etter di aldersgruppe. Studentar skal ikkje ta kontakt for å få dose 1 før utreise, men vente til innkalling i si aldersgruppe. 

Får du første dose i veke 24 og seinare - skal du ha andre dose etter 12 veker. Det betyr at du vil få tilbod om dose to i den kommunen du er student i, til hausten.

MERK: Det er viktig at studentar tek kontakt med vaksinasjonstelefonen i den kommunen dei skal vere student i, for å få tildelt time til vaksinedose 2. 

Hugs at det er viktig, for best mogleg vern, å ta begge vaksinedosane. 
 

Vi set også vaksine på studentar som er heime i ferien, men dei må vente til vi er komne til deira aldersgruppe for innkalling. 


Har du allereie fått koronavaksine i annan kommune?

Ulstein kommune har ikkje oversikt over personar som har fått vaksine i ein annan kommune.

MERK: Alle som får SMS med innkalling, men som allereie har fått vaksine i annan kommune, må ringe oss på tlf. 477 54 774 slik at vi raskt kan kalle inn og tildele vaksinen til nokon andre.
- Det er viktig at innbyggjarar takkar nei til tilbod om vaksinering i si folkeregistrerte kommune dersom dei ikkje kjem til å ta den der!

 

Du får innkalling på SMS - kva gjer du?

Det er fastlegane som prioriterer kven som skal få vaksine når, og vaksineringa skjer etter FHI sine sentrale retningslinjer for prioritering.


Klikk for stort bileteNår det vert din tur for å få vaksine i Ulstein, vil du få tilsendt SMS frå c19.no. I SMS'en er det ei lenke som du må trykke på for å logge deg inn. Du kjem då inn til ei side der du kan bestille time eller takke nei til koronavaksinasjon

SMS'en inneheld også nummeret til vaksinasjonstelefonen i Ulstein:
477 54 774

 

Klikk for stort bilete Du må bruk ID-porten (bankID) for å logge deg inn. 

Dersom du trykkjer på knappen "Bestill time til koronavaksinasjon", får du automatisk tildelt dato og klokkeslett for vaksinering. 

Den tildelte timen kjem i ny SMS frå c19.Klikk for stort bilete no:

     

 

 

Dersom du ikkje vil ha vaksine, er det berre å takke nei (raud knapp).

Dei som ikkje gir respons på SMS ved å bestille time eller takke nei til koronavaksinasjon, vert oppringt av helsestasjonen i Ulstein. Dersom dei ikkje tek telefonen, får dei ein SMS frå helsestasjonen.

MERK: For å spare tid og ressursbruk er det viktig at alle svarar på SMS - enten ved å bestille time eller takke nei til koronavaksinasjon.

Ved spørsmål eller hjelp til bestilling, ta kontakt med oss på vaksinasjonstelefonen 477 54 774.