Oversikt over Stikk UT! Vinter-turar i Ulstein.
Turmåla i Ulstein er Aursneset, Breifjellet frå Hovsetmarka, Fløstranda, Nibben og Søre-Eika.
Både skiturar og fotturar
Alle kommunane i Møre og Romsdal, i tillegg til Heim og Lesja/Bjorli, er med, og byr dermed på den største Stikk UT! Vinter nokon gong. I tillegg til 142 skiturar er det denne vinteren heile 207 fotturar med.
Stikk UT! Vinter varer frå 15. desember til 2. påskedag.
Nytt for alle skientusiastar er at Stikk UT!-appen no har fått integrert løypestatus frå loyper.net slik at det er mogleg å sjå direkte i appen når skispora sist vart oppkøyrd.
– Ta på varme klede, fyll sekken med varm drikke og godsaker og finn di vinterperle. Med fleire tilgjengelege fotturar, i tillegg til ski, vil vi gjere eit forsøk på å aktivisere endå fleire i den tida på året då vi kanskje treng litt ekstra motivasjon, seier Hilde Ellingsæter som er prosjektleiar for Stikk UT! i Sunnmøre Friluftsråd.
Oversikt over alle sesongens turmål finn du på lenka www.stikkut.no. Der er også informasjon om Stikk UT! Bedrift og korleis bedrifter kan tilrettelegge for ein meir aktiv arbeidsplass i vinterhalvåret.