Ekstremt høg vasstand frå natt til tysdag – svært høg måndag

Klikk for stort bileteStormflod i Ulsteinvik i januar 2020 Svein Arne Orvik Oppdatert 10. februar kl. 14.30: Frå natt til tysdag 11. februar er det venta ekstremt høg vasstand i området vårt. 

Frå kl. 22 måndag er det venta at sjøvatnet vil stå 80–100 cm over høgda som står i tidevasstabellane.

Varselet om ekstremt høg vasstand gjeld til kl. 15 tysdag. Det høgaste nivået er venta kl. 23–02 natt til tysdag og kl. 11–14 tysdag ettermiddag. 

Rådet frå styresmaktene er å unngå ferdsel i strandsona. På førehand: Vurder å ta båten opp på land. Sikre lause gjenstander inne i naust og i strandsona. 

Teknisk etat overvakar situasjonen og er i ekstra beredskap frå måndag kveld. Treng du å kontakte teknisk vakt, ringer du 47 60 10 00

Få med deg oppdaterte varsel om vasstanden frå Kartverket