- Eg har vorte tatt eksepsjonelt godt imot

- Eg har vorte tatt eksepsjonelt godt imot

Bibliotekleiar Martin Gundersen Lundgren. Janne-Marit Myklebust Martin Gundersen Lundgren (34) har hatt si første veke som ny bibliotekleiar ved Ulstein bibliotek.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Med relativt få dagar bak seg i leiarstolen, har det vore hektiske dagar for Martin Gundersen Lundgren sidan han kom til Ulstein førre fredag. 

- Det renn inn med tips om kva eg kan jobbe med. Her er trivelege og dyktige folk, og eit kjempelokale!

Eit viktig yrke

Trettifireåringen frå Oslo har berre vore i Ulstein éin gong før - og det var då han var på jobbintervju. Sommaren 2020 avslutta han ein bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap. No sit han i leiarstolen ved Ulstein bibliotek.

- Eg er relativt fersk, men er svært glad for denne moglegheita. Eg valde bibliotekarutdanninga fordi eg meiner at bibliotekar er eit sentralt og viktig yrke. I tillegg så har eg mitt eige forhold til biblioteka og litteraturen. Det var dette eg ville jobbe med, seier han.

 

Førsteintrykk

Førsteinntrykket er altså godt, også når det gjeld Ulstein som stad, sjølv om den første veka nok har vore prega av mykje vêr og vind.

- Her er eit litt anna landskapsbilde enn eg er van med. Her er ein kjempenatur. Uansett kvar eg snur meg.. det er veldig pittoresk! 

Nokon fjellmann innrømmer han at han ikkje er - enno.

- Men eg er glad i fjella. Dei er i alle fall fine å sjå på! Og eg er glad i sjøen, så eg gler meg til å få utforska litt meir.

Godt brukt

Han håper innbyggarane i Ulstein vil ta kontakt med han når dei er på biblioteket. 

- Eg vil gjerne lære folka og staden å kjenne. Eg har merka meg at folk her bryr seg om lokalmiljøet sitt. Allereie no ser eg at biblioteket er mykje brukt. Hovudmålet vårt må vere at vi får folk til å ha lyst til å halde fram med det, og kanskje få enda fleire til å kome. Eg vil gjere mitt beste for at Ulstein bibliotek skal vere eit levande bibliotek