Dobbelt gull til Haddal skule

Klikk for stort bilete Margit Haddal 6. og 7. klassingane ved Haddal skule har gått til topps i den nasjonale lesekonkurransen «På jakt i bøkene». 

Konkurransen var open for barneskuleklasser over heile landet. På både 6. og 7. stega viser det seg at dei mest observante lesarane går på Haddal skule! 

Digitale bøker

«På jakt i bøkene» gjekk føre seg frå 11. til 14.november. I løpet av desse dagane måtte kvar elev lese minst femti digitale boksider i lesetenesta Lesemester. 

Kviss og bokpremie

Elevane svarte så på kviss-spørsmål om innhaldet i bøkene, og klassene med flest rette svar, vann.

Vinnarane vert premierte med bokpakkar og diplom. Gratulerer så mykje!