Dialogmøte om sjølvkøyrande bussar

Klikk for stort bileteVi inviterer til dialog om ei mogleg testrute mellom Ulstein Arena og Høddvoll-området, langs Holsekervegen og Høddvegen. Vel møtt på Ulstein bibliotek 4. juni kl. 18!

Våren 2020 ønskjer kommunen å prøve ut sjølvkøyrande elektriske bussar i Ulsteinvik. Dei aktuelle bussane er på storleik med ein vanleg minibuss. Dei køyrer sjølv, men om bord i kvar buss er der ein bussvert som når som helst kan ta over kontrollen. 

Gratis tilbod

Tilbodet skal vere gratis i heile prøveperioden. Målet er å teste nye løysingar for lettvint og grøn lokaltransport i kommunen. Korleis kjem vi oss til og frå skule, trening, jobb og aktivitetar utan å gjere skade på miljøet? Vi kan naturlegvis bruke føtene meir, men miljøvennleg kollektivtrafikk vil også vere ein del av løysinga. I kommuneplanen for Ulstein er sjølvkøyrande bussar peika ut som noko kommunen skal prøve ut. 

Den mest aktuelle ruta vi ser på, er Holsekervegen og Høddvegen opp til krysset ved Ulstein Bil. Derfor inviterer vi til eit dialogmøte med innbyggjarane langs ruta. Møtet er på Ulstein bibliotek førstkomande tysdag (4. juni) klokka 18. 

Spørsmål til samtale

Vi byr deg som innbyggar inn til samtale om desse spørsmåla: 

  • Kva må til for at eit slikt tilbod kan vere til nytte for innbyggjarane langs ruta?
  • Når på døgnet kan ein ha størst nytte av eit slik tilbod?
  • Kvar bør stoppestadane på ei slik rute vere? 
  • Kva utfordringar ser du føre deg med eit slikt prøveprosjekt, og korleis kan vi eventuelt løyse dei?
  • Og ikkje minst: Er dette noko du som bur i Holsekervegen og Høddvegen stiller deg positiv til?

Informasjon og erfaringar

På møtet vil det også bli gitt meir informasjon om bussane og om erfaringane med liknande prøveprosjekt andre stader.

Innbyggarar langs Holsekervegen og Høddvegen får invitasjon til møtet på sms. 

Møtet er ope for alle.

Velkomen!