Detaljregulering Mylna - offentleg ettersyn

Reguleringsplan for området - Klikk for stort bileteTeknisk utval har i møte 09.06.2022 gjort vedtak om å legge framlegg til detaljregulering for Mylna ut til offentleg ettersyn. Frist for innspel og merknadar er 9. september 2022. 

Teknisk utval har i møte 09.06.2022 gjort vedtak om å legge framlegg til detaljregulering for Mylna med planid 20210002, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-10. 

 

Formål

Formålet med planen er å rive eksisterande bebyggelse og sette opp ei bustadblokk på 4 og 6 etasjar som i tillegg har delvis nedgravd garasje og ei blokk på 4 etasjar der det vil vere næringsareal i 1. etasje for fiskeri og bustadar over. Det er sett av areal for leikeplass og tilkomstveg. Molo, fiskerihamn og hamneområde i sjø er også tatt med. 

 

Plankart og plandokument

Plankartet og plandokumenta kan sjåast på arealplaner.no under planbehandlinger og 1. gangs behandling. I OpenCities Planner kan de sjå forslag til 3D-modell av bygget og kome med innspel. 

 

Innspel og merknadar

Formelle merknadar til framlegget skal vere skriftlege og kan sendast til postmottak@ulstein.kommune.no eller til Ulstein kommune, teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik, innan 09.09.2022, og merkast med saksnummer 21/516. 

Kontakt

Cecilie Roppen
planleggar
E-post
Telefon 70 01 76 03