Bygging ved Ulsteinvik barneskule: Kvar kan du gå og køyre?

Bygging ved Ulsteinvik barneskule: Kvar kan du gå og køyre?

Kart over området som vert påverka i byggeperioden. - Klikk for stort bilete Ulstein kommune Petterbakken vert stengt for trafikk til skulane, bruk i staden Skulevegen. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Tysdag 1. september startar bygginga av det nye skulebygget ved Ulsteinvik barneskule. Vi gler oss over at arbeidet går i gang!

Slik sikrar vi tryggleiken til elevane og andre som ferdast i området i byggeperioden: 

  • Petterbakken vert stengt for all ferdsel til barneskulen og ungdomsskulen. Bruk i staden Skulevegen for å gå opp til barneskulen. (Petterbakken skal berre brukast av dei som bur der eller skal på besøk.) 

  • Ungdomsskuleelevar som kjem frå sentrum kan gå opp Skulevegen og forbi barneskulen eller gå opp Vikemyra og Gamlevegen. 

Sjå bildet som viser området som er stengt av (raudt) og kva vegar som skal nyttast (grønt).