Bli med på kunstutstilling til tv-aksjonen

Bli med på kunstutstilling til tv-aksjonen

Bidrag til kunstutstilling - Klikk for stort bileteAndreklassingane ved Ulsteinvik barneskule har levert dette bidraget.Alle som deltek er med i trekkinga av billettar til bowling, kino eller Ulsteinbadet. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

No i dugnadsveka til TV-aksjonen lagar vi til ei kunstutstilling på Ulstein bibliotek. Temaet er «plast i havet». 

Alle som deltek er med i trekkinga av billettar til bowling, kino eller Ulsteinbadet. 

Du kan lage eit bidrag av plast du finn ved sjøen, du kan lage ei teikning eller noko av andre material.

Lever bidraget ditt på biblioteket innan laurdag 17. oktober kl. 12. Skriv namn på bidraget.

Og hugs å gi til tv-aksjonen i ei av dei lokale bøssene!