Bli med på gratis arrangement for ungdom i vinterferien

Klikk for stort bilete Leon Romestrand Ung Arena Ulstein arrangerer forskjellige arrangement i vinterferieveka. Alt er gratis for ungdom frå 13–18 år!


Grilling og kino på måndag

Måndag 17. februar kl 14.00 blir det grilling i Saunesparken. Vi stiller med grillmat.

Kl.16.00 viser vi filmen " Sonic the Hedgehog" på Sjøborg.

 

Open dag i Skollebakken på onsdag 

Onsdag 19. februar kl. 12–18 blir det open dag i Skollebakken aktivitetshus. Vi lagar taco saman, og kosar oss med aktivitetar som turnering i bordtennis og biljard på Bell fritidsklubb. 

 

Debattarena om gaming på torsdag 

Torsdag 20. februar kl. 18 –19 er det debattarena på biblioteket. Temaet denne gongen er: "Gaming; sunt eller ikkje?"


Skidag til Hornindal på fredag

Dette er eit arrangement for ungdom frå 13 til 18 år, og vi dekker transport t/r, eventuelt utstyr som må lånast og heiskort. Vi tar med grillmat, men det er lurt å ha med seg ekstra mat i tillegg. Ta også med godt med klede og skiutstyr viss du har det. 

Påmelding: Du melder deg på skidagen ved å sende ein e-post til vedrana.terzic@ulstein.kommune.no innen torsdag 13. februar. Her er det førstemann til mølla, men merk at dei frå Ulstein blir prioritert dersom etterspørselen vert stor. Det må vere minst 20 påmelde, og det er maksimum plass 40 ungdomar. 

Oppmøte og retur: Møt opp fredag 21. februar kl 10.30 ved Ulsteinvik skysstasjon. Vi reiser kl. 11.00 med retur frå Hornindal kl 18.00. Vi er tilbake i Ulsteinvik ca 19.30.

 

Takk for støtte

Takk til Gjensidigestiftelsen, Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Hornindal skisenter for at dei er med som støttepartnarar i vinterferieveka.

 

Har du spørsmål?

Du kan kontakte Vedrana på telefonnummer 93 69 04 88 dersom du har spørsmål.